Artiklar > Designhytter i eitt med naturen

Designhytter i eitt med naturen

Designhytter i eitt med naturen

Glashytter i Eidsdal med storslagen utsikt

Kilsti Compact Lodge er eit konsept med mini-hytter i Eidsdal på Sunnmøre. Hyttene åpna i 2020, og er utforma som  frittståande, små leilegheiter med glasveggar på tre sider, og gjev ein oppleving av å bu i eitt med naturen. Den moderne arkitekturen tilpassar seg landskapet på ein fantastisk måte. Kilsti ligg midt i det beste Norge har å by på av fjord- og kulturlandskap. Ein stad der fjord og fjell møtast, lufta er rein og frisk, og den storslagne utsikta nærast tek pusten frå deg!

Lokaliteten var eit eldre småbruk som stod til nedfalls. Delar av eigedomen ligg i Unesco verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - Geirangerfjorden), og har ei fantastisk beliggenheit i jordbruksgrenda Kilsti.

Utsikta og naturen rundt er mildt sagt spektakulær, og det er mykje kulturhistorie i området. Hus og løe som stod til nedfalls er rive og erstattet med 3 design-hytter med panoramautsikt, og ei lekker lita badstu med stort glassvindauge i front vend mot fjorden.

Vertskapet er Niels Haatuft, ein ung kar frå Geilo, Han har flytta til Eidsdal for å ta godt mot alle gjestar som kjem til gards.

 

Aktuelt i Fjord

27.01.2023

Besøk Veiga Mathus i Eidsdal

I vinter opna det nybygde Veiga Mathus på Veiberg i Eidsdal. Primus motor bak den nye satsinga er Kirsti Indreeide.