Artiklar > Det gode legelivet i Fjørå

Det gode legelivet i Fjørå

Det gode legelivet i Fjørå
Foto: Storfjordnytt, Tina Emilie Hoel

I Fjørå bur legeparet Marianne Skuseth og Såmund Botnen. Her har dei vore sidan 2019, og trivst godt med tilværet.

Det at vi har natur og turmoglegheiter rett utfor døra er ein viktig faktor for både familieliv og livskvalitet, smiler dei.

Godt mottekne av bygda

Legeparet fortel at dei blei godt tekne imot både av kommunen og av innbyggjarane då dei flytta hit. Dei rosar kommuneoverlege Henrik Steenfeldt-Foss som var med på å gje god rettleiing og gjorde mykje for at dei skulle trivast både på jobb og heime. Det var viktig for Marianne og Såmund med dei rette vilkåra, og saman utarbeidde dei ei avtale som alle var nøgde med. Dei ønskte til dømes å jobbe 80 prosent, då dei visste at det ofte blir mykje overtid.

Kommunen har vist velvilje med tanke på tilrettelegging, så vi føler oss godt ivaretekne, seier dei. Under dei lange dagane då korona og smitteutbrota var som verst, fekk dei mange gode ord frå sambygdingar når dei møtte dei på butikken, i tillegg til nybaka brød, blomar og vin som takk for god jobb under omstenda.

Vi fekk også barselgåve til Henrik frå Bygdekvinnelaget då vi flytta hit, seier Marianne. Dei fortel at dei føler at både folk og kommunen har vist at dei er glad for at dei kom og ønskjer å ta vare på dei.

Bygdelegar

Marianne og Såmund fortel at det er mange fordelar med å vere lege på ein liten stad.

Det er litt spesielt på bygda, då vi får eit personleg forhold til pasientane når vi også ser dei som sambygdingar, seier Marianne. Ho fortel at dei ikkje berre ser ein pasient med ein diagnose, men at dei ser denne personen i ulike situasjonar og roller elles, til dømes som medforelder eller venn.

Det kan vere utfordrande i nokre høve viss det er tøffe sakar, då ein lever seg ekstra inn i jobben, seier Marianne. Ho fortel at dersom dei er slitne og lei eller har eit problem som kjennest uløyseleg, hjelper det mykje med ei tur ut i naturen.

Då strøymer kreativiteten fram og dei gode løysingane kjem ofte då, seier ho. Såmund fortel at det å lufte seg etter jobb er viktig, og at når han forlet legekontoret prøver han å leggje igjen jobben der. Han synest det hjelper at tunnelen mellom Valldal og Fjørå gir ein geografisk skilje med jobben på eine sida av fjellet og familielivet og kvardagen på den andre sida.

Gode aktivitetstilbod

Legeparet er nøgde med gode aktivitetstilbod for barna, og dei nemnar mellom anna Allidrett som har vore på onsdagar, klatring, symjing, kulturskulen, riding, ski, fotball og meir.

Det fine med å bu her er at dersom ein saknar noko, så kan ein ta initiativ sjølv og gjere noko med det, seier Marianne. Eit tilbod dei synest var veldig fint og saknar litt, er bygdekino, noko som var populært spesielt for barn og ungdom då det var. I Fjørå er ho og Såmund aktive i ei uoffisiell, lågterskel løpegruppe som blei laga på initiativ frå dei som bur i området.

Det blir for det meste motbakkeløp, då det er mest motbakkar i området her, smiler Marianne. Dei ønskjer endå fleire velkomne til det, og seier at ein kan ta kontakt med Såmund eller Karl Otto Henriksen om ein vil vere med.

Vi kjende ingen då vi kom hit, så det er fint å møte folk gjennom ting som skjer, seier dei. Såmund fortel at integreringa har tatt litt lenger tid for dei på grunn av koronaen som kom ganske fort etter dei flytta til kommunen, men at det berre blir kjekkare og kjekkare no når det skjer ting igjen.

Hobbyar

Sjølv om trening, friluft, og turar ute i naturen med familien er det som står øvst på hobbylista, har dei også andre ting som dei likar å gjere.

Såmund har mellom anna garasjen der han driv og byggjer på små prosjekt, seier Marianne. Han legg til at det er ikkje så mykje som blir ferdig, då tida ikkje strekk til. Elles er han ein aktiv klatrar og er i styret til klatreklubben i Fjord kommune, og er også glad i ski og sykling. Marianne er glad i å strikke og i organisatorisk arbeid.

Ein ting eg synest var veldig kjekt, var å arrangere byttedag i barnehagen, seier ho. Ho likar også å ordne til dømes juleverkstad og andre aktivitetar saman med barna og andre vaksne. Elles er både dei og barna spontane og hiver seg med på det som skjer viss det passar seg slik.

Vi er glade i eventyr og litt liv og røre, seier Marianne.

Fjørå er fint

Familien er glade for at dei bur rett ved fjellet, og Marianne og Såmund ønskjer at barna skal ha gode assosiasjonar til naturen.

Når vi kjem oss ut så har vi gode samtalar og barna delar sine tankar og filosofi om ting, seier Marianne. Ho trur at friluft har mykje å seie for livskvaliteten og at for dei er det heilt avgjerande for både kropp og sjel å få vere ute. I Fjørå har dei også ei grotte som dei pleier å dra til med barna, og her lagar dei bål og grillar. Dei har også mange andre turmoglegheiter rett utanfor døra, noko dei er glade for.

Vi trivst godt her og har ingen planar om å reise herifrå, seier Såmund. Dei fortel om fordelane med å bu i ei lita bygd, både for barna og seg sjølve. Det er mykje fokus på at alle skal vere vener og at alle besøker kvarandre, seier Marianne. Ho kan ikkje tenkje seg ein betre stad å vokse opp.

Fjord kommune er ein fin stad å vere, og eg anbefaler andre å kome og bu her, seier Marianne. Ho fortel at kvar enkelt person på ein liten stad er viktig for at lokalsamfunnet skal fungere.

Det er litt mindre brikkekjensle, då alle bidrar med sitt, seier ho.