Artiklar > Det skjer i Fjord fram mot jul!

Det skjer i Fjord fram mot jul!

Det skjer i Fjord fram mot jul!

Her er konsertar, julemarknadar, handelsdagar, aktivitetar og opplevingar i fleng både for deg som bur her og vil besøke oss!

Kan vi freiste med konsert med Zephyr på Kulå, dansekveldar i Eidsdal eller fredagspils, strikking og svensk "fika" ved peisen på Sylte hotell? Ønsker du å gje deg sjølv ei førjulsgåve og stresse ned med Yin Yoga og spasøndag eller Førjulssauna og grillkveld? Vil du handle julegåvene dine lokalt og få gode tilbod og kjekke opplevingar på Superhelg og Black Friday i Valldal og Julemesse i Eidsdal? Eller kanskje du vil kople av med Afternoon tea ved Valldal Fjordhotell? I desember er det også fleire julekonsertar i kyrkjene, og nyttårskonsert på Martin Linge-huset.

I oversikta "Kva skjer?" på opplevfjord.no finn du til ei kvar tid oversikt over alle arrangement i heile Fjord i regi av både lag og organisasjonar og næringsdrivande. Har du eit arrangement som ikkje står i lista? Meld inn til frivillig@fjord.kommune.no

Årsfest i Stordalshallen med revy, mat og dans 

Laurdag 12.november er det Årsfest i Stordalshallen med revy, mat og dans. "Nejaføringane" byr på seg sjølve og inviterer til ein kveld du seint vil gløyme.

Bilde frå ein tidlegare årsfest.

Opningsfest og julemarknad i Skomakargata

Fredag 18.november er det opningsfest i Skomakargata, og lysa i den flotte julegata vert tend. Det vert underhaldning med barnekor, barnedansegruppe, solistar og Valldal hornmusikklag. Du kan få kjøpt gløgg og noko å bite i, inntektene går til "Jul i Skomakargata". Laurdag 19.november blir det stemningsfull konsert på Valldal Sentrum Scene. 

Laurdag 26. og søndag 27.november går den flotte julemarknaden i Skomakargata av stabelen. Her blir det herleg julestemning og mulegheit for å handle handverk, lokalmat og fine julegåver. Julenissen kjem, det vert aktivitetar for barna og kafe på Valldal Sentrum Scene. Valldal Fjordhotell har open restaurant og serverer juletallerken og dessert fredag og laurdag kl. 17.00 - 20.00 og søndag kl. 15.00 - 20.00.