Artiklar > Det skjer i Fjord i jula!

Det skjer i Fjord i jula!

Det skjer i Fjord i jula!

Grendacup? Romjulsdans? Open hall? Romjulskviss? Julaftangudsteneste? Nyttårskonsert? Dette er noko av det du kan oppleve i Fjord i jula.

Dei tradisjonsrike grendacupane i fotball blir arrangert i Stordalshallen 26. desember (arr: nejaføringane) og i Martin Linge-huset 28. desember (arr: Valldal IL). I Stordalshallen kan du også delta på romjulstrim, og på open hall 29. desember kan du teste ut det meste av det varierte og spennande utstyret som finst i hallen. 
Kulå startar juleferien med å invitere til Heim til jul-karaoke 22. desember. Vidare blir det romjulskviss, romjulsdans og nyttårsball på sjølvaste nyttårsaftan!
Kyrkja i Fjord inviterer til gudsteneste i alle kyrkjene på julaftan, i tillegg til i Norddal kyrkje første juledag og i Stordal kyrkje andre juledag.
29. desember kan du gå deg glad og frisk på ribbemarsj rundt grenda i Valldal - og etterpå kan du få med deg vakre tonar på nyttårskonserten til Valldal hornmusikklag på Martin Linge-huset. Og jula er ikkje heilt over når det nye året kjem; søndag 7. januar inviterer Valldal bygdekvinnelag til julelag for eldre.

Du finn meir detaljert informasjon om arrangementa i aktivitetskalenderen "Kva skjer?" her på nettsida opplevfjord.no Du finn også den same kalenderen på Fjord kommune si nettside. 
Kalenderen har oversikt over alle aktivitetar/arrangement som er meldt inn i regi av både lag og organisasjonar og næringsdrivande, i heile Fjord kommune, Har du eit arrangement som ikkje står i lista kan du melde det inn her. 

God jul!

Oversikta i denne artikkelen er basert på innmeldte arrangement.