Artiklar > Det skjer i Fjord i påska!

Det skjer i Fjord i påska!

Det skjer i Fjord i påska!
Foto: Shutterstock

Baklukeloppis? Bygdafest? Påskemusikal? Påskequiz? Påskeskirenn? Her er mykje kjekke aktivitetar både for deg som bur her og vil besøke oss!

Bygdafest på Martin Lingehuset, påskemusikal ved barnekoret i Sylte kyrkje, påskequiz på Kulå, minikonsert og platesignering med Stian Omenås og Endre Ruset på Khaya Baristabar, påskebingo på Tafjord Ungdomshus, Loppemarknad på Kaltegarden i Norddal på og påskekonsert med Local Locos er noko av det som skjer av kultur-arrangement.

Utendørs skjer det også mykje.  Her er nokre smakebitar. Det blir baklukeloppis på Syltetorget i Valldal, VM på ski på Valldal Stadion og Påskeslalomrenn, Påskeharebesøk og Påskeegg-jakt på Arena Overøye i Stordal

Dette og mykje meir finn du detaljert informasjon om i oversikta "Kva skjer?" på opplevfjord.no Her finn du til ei kvar tid oversikt over alle arrangement i heile Fjord i regi av både lag og organisasjonar og næringsdrivande. Har du eit arrangement som ikkje står i lista? Meld inn til frivillig@fjord.kommune.no