Artiklar > Det skjer i påska!
Det skjer i påska!
Påska ligg straks framfor oss, og det vert også i år lagt opp til varierte aktivitetar i Fjord.
Bygdafestar, quiz og konsertar
Det brakar laus allereie palmelaurdag med vårkonsert på Røde Kors huset i Eidsdal i regi av Eidsdal skulekorps.
Same kvelden er det bygdafest på Martin Linge-huset med revy, mat og dans med evigunge Zephyr. Bestill gjerne billett via Vipps på førehand seier arrangøren.
Langfredag er det konsert med Advind hos Khaya Barista Bar.
Påskeaften er det bygdafest med Eidsdal Idrettslag på Røde Kors huset med påfølgjande dans.
Onsdagen er det påskequiz hos Kulå Bowling og hos Melchiorgarden i Norddal.
Superpåske og gode rabattar
H.L. Muri slår til med «superpåske» frå 1.-4. april med 20% på alle ordinære varer. Smuget har også 20% på alle varer gjennom påska, og Sylteormen Bakeri har tilbod på påskekake.
Hoff Møbler i Stordal fyller 1 år i desse dagar og inviterer til marsipankake, kaffi og ein god handel palmelaurdag.
Loppemarknad
Hos Kaltegarden i Norddal er det loppemarknad påskeaften med kafe.
Gudstenester
Skjærtorsdag, langfredag, 1. og 2. påskedag blir det gjennomført gudstenester i Norddal, Valldal og Stordal
Kva skjer? Kulturkalender
Du finn detaljert informasjon i oversikta "Kva skjer" på www.opplevfjord.no.
Her finn du til ei kvar tid oversikt over alle arrangement som blir meldt inn, i regi av både lag, organisasjonar og næringsdrivande.
Har du eit arrangement som ikkje står i lista? Husk at du sjølv må melde inn dine arrangement til frivillig@fjord.kommune.no
Vil du ha plakat på infoskjermane? Då tek du kontakt med Fjordhagen.
Epost: gromarita@fjordhagen.com
God påske!

