Artiklar > Ein hyllest til kulturarv gjennom kunst og handverk

Ein hyllest til kulturarv gjennom kunst og handverk

Ein hyllest til kulturarv gjennom kunst og handverk

Sommarens vakraste kunstoppleving finn du i historiske Løsetstova på Stordal Bygdetun, der seks dyktige kunstnarar frå Sunnmøre stiller ut sine verk

I denne stemningsfulle kunst- og handverksutstillinga møter publikum eit mangfald av uttrykk inspirert av naturen, tradisjonane og det personlege uttrykket. Temaet er kulturarv og korleis gamle tradisjonar og handverk videreførast og tolkast i moderne uttrykk.

Opningsfesten vert halde 19. juli kl. 13:00-17:00, og alle er hjertelig velkomne!

Utstillingen opnast av: Peder Alme kunstnar/kunsthandverkar og styreleiar for Fortidsminneforeningen Sunnmøre.

Utstillarar:

  • Adrian Krogsæther
    Brukskunstnar som jobbar med keramikk, metall og tre, og utforskar spenningsfeltet mellom ulike materialer.
  • Julie Andersen
    (Snuppz Studio)Designer av unike perlevesker og smykker, med fokus på gjenbruk og redesign av gamle sølvskeier.
  • Sølvi Lill Seljebotn
    Glaskunstnar som ivaretek gamle handverkstradisjonar gjennom silketrykk, blylegging, gravyr og glasmaling.
  • Lottie Van Dijk
    Tekstilekspert med verkstad i Stordal, som kombinerer tradisjonelle spinning- og vevteknikkar med moderne mønstre og materialvalg.
  • Ingunn Krogstad
    Erfaren filtmakar som kombinerer tradisjonell toving med plantefarging og tekstiltrykk for unike tekstilkunstverk.
  • Kari Indreeide Grimstad
    Skinnarbeidar og vevar med lange tradisjonar frå eigen gard og som lærlingveileder i handvevarfaget.

Utstillinga er eit sjeldan høve til å oppleve kunsten i eit historisk miljø som Løsetstova, og gjev eit spennende innblikk i korleis kulturarv kan uttrykkast gjennom kunst og handverk i dag.

Ustillinga er opa i perioden 19. juli til 10. august mellom 13.00 og 17.00. Gratis inngang, og stengt måndagar