Artiklar > Eit stort løft for Valldal
Eit stort løft for Valldal
Vi var så heldige å få bli med inn i nybygget til Valldal Fjordhotell
Det er ingen tvil om at det som no er på veg, blir eit stort løft både for hotellet og Valldal.
Utbygginga omfattar 16 nye hotellrom og ein ny konferanse- og selskapsavdeling med plass til rundt 80 personar. Når alt står ferdig, vil hotellet ha totalt 56 rom, noko som opnar for fleire gjester, større arrangement og nye moglegheiter i regionen.
Utbygginga er òg eit viktig løft for lokalt næringsliv, der fleire lokale aktørar er med på arbeidet, mellom andre Hovden Bygg, EL 24, Busengdal, Storfjord Snikkarservice, Sunde Entreprenør, Sunn Rør, Braute og Stordal Home Furniture.
Samfunnsutvikling
Dette handlar ikkje berre om eit hotell som veks, det handlar også om utvikling av lokalsamfunnet. Når fleire gjester vel å overnatte i Valldal, gir det meir aktivitet og auka verdiskaping lokalt. Gjester som blir verande, handlar lokalmat, deltek på aktivitetar og brukar butikkar og tilbod i området, noko som gjev viktige ringverknader for næringslivet i heile Fjord.
Med auka kapasitet kjem også håp om fleire arbeidsplassar, og ikkje minst fleire moglegheiter for ungdom og unge vaksne til å få seg jobb i heimkommunen sin.
Arbeidet er godt i gang, og dei nye hotellromma skal takast i bruk i starten av juni.
Den nye kurs-, konferanse- og selskapsavdelinga er planlagt ferdig til hausten, med ei offisiell opning som markerer heile satsinga.
Hotellet sjølv skriv at dette er ei viktig investering for framtida:
Utbygginga skal gje rom for både kurs, konferansar og selskap, og styrke Valldal som reisemål og møteplass.
Vi gler oss til å kome tilbake når alt er ferdig, og sjå resultatet av det som no tek form.
Begge foto: Vivian F. Nydal

