Artiklar > Fagdagane MRmat 2024 i Kristiansund

Fagdagane MRmat 2024 i Kristiansund

Fagdagane MRmat 2024 i Kristiansund

Fagdagane samla lokalmatentusiastar

Fagdagane MRmat 2024 i Kristiansund samla lokalmatentusiastar for å fremja gründerskap og innovasjon i matbransjen. Arrangementet vart arrangert av Kompetansenettverk for lokalmat, med stønad frå regionale partnarar.

Hoppid, Møre og Romsdal Fylkeskommune, HANEN, Statsforvaltaren og Innovasjon Norge bidrog til arrangementet. 

Programmet tilbaud kurs og foredrag for å styrkja kunnskapen om lokal matproduksjon. Høgdepunkta inkluderte inspirerande historier frå lokale matprodusentar og fagressursar; fleire av dei frå Fjord kommune.

Med fokus på gründerskap, tiltrekte arrangementet deltakarar frå heile Møre og Romsdal, med ei sterk representasjon frå Fjord Kommune. Innlegg både frå Storstova i Valldal og frå Nerigarden i Eidsdal. 

Hegelin og Audun frå Storstova delte sin reise med å etablere og utvikle bedrifta si. Dei snakka om korleis dei har etablert eit godt samarbeid med Juvet Landskapshotell, som kjøper mykje av sine grønnsaker frå dei, eit framifrå døme på kortreist mat, og eit eksempel på samarbeidet «bonde møter kokk», som er ei satsing i fylket vårt. 

Kirsti Indreeide fortalde historia til garden hennar Nerigarden, og tok for seg utfordringane og moglegheitene som oppstod etter at løa på garden brant ned. Ho har bygd opp att ei solid verksemd med fleire bein å stå på innan reiselivssatsinga på garden, samt ein framifrå lokalmatproduksjon med Stolte Anton-produkta og Nerigardsbakst.

Serveringskurset «Skap lønnsomme og gode serveringskonsept» vart leia av Christopher Schönefeld frå Juvet Landskapshotell, der deltakarane lærte korleis dei kan servere deilig mat med lokale råvarer på ein trygg og lønnsom måte.
Sjølvsagt var det rikeleg med god mat og drikke, i tillegg til nettverksbygging og erfaringsutveksling i eit triveleg lag. Vi ser allereie fram til neste års MRmat, og håpar mange også då vert med frå Fjord.

Gode råd/Forutsetningar for å lukkast med satsinga!