Artiklar > Fellesskap og samskaping fram mot jubileum i 2029

Fellesskap og samskaping fram mot jubileum i 2029

Fellesskap og samskaping fram mot jubileum i 2029

Fredag 31. oktober samla rundt 40 engasjerte deltakarar seg på Vestnes Fjordhotell til Skaparkonferansen 2025

Dagen var fylt med inspirasjon, idemyldring og gode samtalar om Nasjonaljubileet som skal skje i Valldal, Fjord og Møre og Romsdal i 2029.

Deltakarane kom frå heile breidda av Møre og Romsdal, frå kommunar, Den norske kyrkja, reiselivet og fleire flotte aktørar i næringslivet.
Resultatet vart ein dag der både kultur, historie og nyskaping møttest med mange spennande idear for tida før, under og etter det nasjonale jubileet i 2029.

I 2029 skal vi markere eit jubileum som løftar fram norsk folketradisjon og Olavsarven, ei viktig kjelde til identitet, kultur og fellesskap. Dette skjer som ein del av den nasjonale satsinga «Noreg i tusen år» (1030-2030). Gjennom markeringa får vi vere med på å forme noko som er større enn berre vår eigen heimstad, eit fellesskap som strekkjer seg over heile landet.

Skaparkonferansen vart arrangert nettopp for å samle idear, draumar og tankar om korleis vi kan feire jubileet på vår måte og korleis markeringa kan bli relevant for både oss som bur her, og dei som kjem på besøk.

Med gode samtalar, engasjement og kreativitet fekk vi ein dag som gir retning for vidare arbeid.
Vi gler oss til tida framover og til å dele meir frå planlegginga etter kvart som ideane tek form!

Følg oss i sosiale medium for oppdateringar om jubileumsarbeidet og dei spennande planane mot 2029.