Artiklar > Fjord Bolig på full fart framover
Fjord Bolig på full fart framover
Daniel Bjørstad har kome langt med den nye bedrifta si. Seinast 1. april neste år står den første tomannsboligen klar til innflytting
Daniel Bjørstad flytta heim til Valldal med sambuar Lisabeth og starta opp firmaet sitt, Fjord Bolig, i 2023. No står snart den første av to tomannsboligar klar til innflytting i 2025.
Dei er 140 m2 store, er universelt utforma, har heile 4 soverom og 2 bad fordelt over to etasjar. Lokalisert nesten midt i sentrum har ein gåavstand til det meste, både skule, barnehage, butikkar og andre tilbod. Vindauga er spesiallaga for å halde ute støy frå vegen, og der blir carport og godt med uteplass både på grunnplan og i andre etasje.
Med seg i byggeprosessen har han Kenneth Hovden, Acel, Opshaug og Olav Ekornes.
Før han flytta heim hadde han arbeidsstaden sin hos Byggmann på Vigra der han arbeidde med prosjektering av bustadar i 10 år. Denne erfaringa har han tatt med seg inn i sitt eige firma og kan tilby alt frå skisseteikningar, byggesøknadar, prosjektering av arbeidsteikningar, dimensjonering av tre og stål, samt teikne nye hus for den som vil ha det.
Lisabeth har fått seg fast jobb på Valldal skule, dei to borna går i barnehage, og Daniel jobbar med vidare utvikling av Fjord Bolig. Det blir spennande å følge prosjektet og Fjord Bolig vidare.
Om du har lyst på ei sentrumsnær, praktisk og flott bolig, så er det framleis ledig. Her er høve til personleg tilpassing, og dette vil også avgjere prisen til slutt. Ta ein prat med Daniel og bli inspirert.