Artiklar > FJORD BUSINESS 2023!

FJORD BUSINESS 2023!

FJORD BUSINESS 2023!

Fjord Næringsforum og Seniorøkonom i Sbm. ser framover!

Meld deg på : post@fjordhagen.com

I Fjord Næringsforum som er drifta av Fjordhagen AS, er vi alltid på leit etter måtar å inspirere og styrke vårt lokale næringsliv, spesielt i ei tid med økonomiske utfordringar. Med dette i tankane, er vi stolte over å kunngjere at vi har invitert Seniorøkonom Kristian Tafjord frå Sparebanken Møre, til vårt komande arrangement, Fjord Business.

Han vil dele sine tanker om dei økonomiske utsiktene for 2024. Vi ser fram til å høyre hans perspektiv på korleis vi, til tross for dei utfordrande tidene, kan identifisere og gripe moglegheitene som kan by seg i åra framover.

Fjord Business skal vere meir enn eit møte; heller ein arena for læring, nettverksbygging, og for å tenke nytt. Vi håpar at Furres innlegg vil gi verdifull innsikt og inspirasjon til alle våre medlemmar og deltakarar.

Fjord Næringsforum ønskjer også på denne dagen velkommen til nytt medlem i Fjord Næringsforum, Autofres AS. Dei gir oss eit glimt inn i framtida for automasjon og produksjonen dei planlegg.

Dagleg Leiar Steffen Viddal vil dele med oss sine ambisjonar og visjonar for framtida, og gi oss innsikt i korleis dei ser på moglegheitene han ser i bedrifta si framtid. Det blir ein unik sjanse til å forstå kva drivkrefter og idéar som ligg bak etableringa av ein moderne og framoverlent bedrift innan deira felt i vårt område.

I tillegg vil dei snakke om dei utfordringane dei har møtt på sin veg. Dette er verdifull kunnskap for alle som er involvert i næringslivet, anten ein er etablert aktør eller tenker på å starte sin eigen bedrift. Vi trur at erfaringane og historiene til Autofres AS vil vere inspirerande og lærerike for alle våre medlemmar.

Ved å inkludere nye stemmer som Autofres AS, ynskjer Fjord Næringsforum å bygge broar mellom etablerte bedrifter og nye entreprenørar. Vi ser fram til å høyre deira historie og kanskje vil det oppstå moglegheiter for smarbeid med fleire.

Siste innlegg denne dagen får vi frå nettverket "Valldal Adventure Valley".


Erlend Hjelme vil fortelje om nettverket, og korleis dei har arbeidd og lykkast med denne satsinga på felles marknadsføring av Valldal og Fjord, med aktivitet og moglegheiter for aktivitet som området byr på for tilreisande.

Merkevara er i ferd med å bli kjend og er godt forankra hjå mange samarbeidspartnarar.

Valldal Adventure Valley opnar no endeleg opp for at fleire kan bli med i dette samarbeidet om felles marknadsføring, og Erlend vil informere om korleis dette vil fungere på vegen vidare.

Det vil vere høve til å stille spørsmål og knyte kontaktar etter foredraga.

Det vert servert kaffe, Te og noko attåt.
 

Arrangementet er på Martin Linge.huset i Storsalen kl. 10-12, 14.desember.

Arrangementet er åpent for alle, gratis for medlemmar,

Ikkje.medlem kr. 100 ( Bet. i døra m/Vipps)

 

Velkommen til Fjord Business 2023!

 

Mvh Fjord Næringsforum