Artiklar > Fjord Business 2023

Fjord Business 2023

Fjord Business 2023

Fjord Business 2023 - Årets siste møte i Fjord Næringsforum.

Næringslivskonferanse på Martin-Linge-huset

"Årets siste møte i Fjord Næringsforum vart halde som ein konferanse med innleigde foredragshaldarar.

Konferansen er den første i rekkja av næringslivskonferansar som Fjordhagen AS siktar på å arrangere for medlemmar av Fjord Næringsforum.

Fjord Næringsforum består av 72 bedrifter i Fjord kommune, og eit medlemskap i forumet gir høve til nettverksbygging, marknadsføring, kompetanseheving og deling av ulike felles problemstillingar.

Vi ynskjer oss alltid fleire medlemmar i forumet, seier Britt Skjong, rådgivar innan innovasjon og bedriftsutvikling, i Fjordhagen AS.

I samarbeid med den nye daglege leiaren, Tor Erik Standal, har Britt med dette sparka i gang ein årleg tradisjon som vi håpar kan bli mange fleire av i åra som kjem.

Dagen var innhaldsrik, med tre ulike foredrag, og foredragshaldarane kom med god informasjon og interessante innlegg frå bedriftene sine og ga gode innsikter mot vegen vidare i ein økonomisk utfordrande tid i dei fleste marknader.

Fjord Næringsforum, som er driven av Fjordhagen AS, er vi alltid på jakt etter måtar å inspirere og styrke vårt lokale næringsliv, særleg i ei tid med økonomiske utfordringar."


Ta gjerne kontakt med Fjordhagen AS på e-post: post@fjordhagen.com om du vil ha meir informasjon om Fjord Næringsforum.

Oversikt over medlemmar i Fjord Næringsforum 2024

I Fjord Næringsforum er vi alltid på leit etter måtar å inspirere og styrke vårt lokale næringsliv, spesielt i ei tid med økonomiske utfordringar.



"Under opninga av Fjord Business 2023 takka Fjord Næringsforum av den daglege leiaren Terese J. Moen og ynskjer ho lukke til vidare i ei spennande ny rolle som ordførar."




"Seniorøkonom i Sparebanken Møre, Kristian Tafjord, deltok på Fjord Business 2023 og gav oss eit interessant foredrag om trendar i det økonomiske landskapet. Han gav òg oss nokre forsiktige frampeik om betre tider i vente i 2024."



"Namnet er ikkje lenger det same, men ideen og produktet er det. Autofres AS har etablert seg i Stordal, og med det kjem tidlegare Isolaft, no Loxit, tilbake dit alt byrja. Steffen Viddal fortel oss om reisa frå starten til der bedrifta er i dag, og ikkje minst om ambisjonane framover."



"Erlend Kløvjan Ringstad, HR Manager og leiar for Valldal-kontoret hos Uteguiden AS, førte oss gjennom prosjektet med å etablere nettverket Valldal Adventure Valley. Dette er eit felles marknadsføringsprosjekt for reiselivs- og aktivitetsbedrifter i Fjord Kommune. Han fortel at Valldal er velkjent på landsbasis som ein aktivitetshub, og difor er dette namnet valt i marknadsføringa av regionen vår og alt vi har å by på av aktivitetar her. Nettverket opnar no opp for nye medlemmar. Ynskjer du å bli ein del av dette spennande nettverket? Ta kontakt med Erlend på Uteguiden på e-post: erlend@uteguiden.com for meir informasjon om moglegheitene ved å bli ein del av vårt veksande fellesskap i Valldal Adventure Valley!"


Fjord"Den nye ordføraren i Fjord Kommune, Terese Jemtegård Moen, vart takka av som dagleg leiar i Fjordhagen AS, ei stilling ho har hatt dei siste fjorten åra. Den flotte buketten, laga av allskens godteri, står Maryna Kushnir bak."


Fjordhagen AS takkar for godt oppmøte denne desemberdagen, og ynskjer velkomen tilbake til Fjord Business 2024. Det er berre å ta kontakt med oss om du har forslag til foredragshaldarar du ynskjer å oppleva der.