Artiklar > Fjord Business 2025

Fjord Business 2025

Fjord Business 2025

Kunstig intelligens i kvardagen

Grendasalen, Stordalshallen
Fredag 14. november klokka 12-15


Kunstig intelligens i kvardagen - slik får du gjort meir på kortare tid
Du får vite korleis vi kan bruke kunstig intelligens som eit praktisk verktøy i jobben - uansett bransje.
Ole Jørn Myklebust viser korleis du med enkle grep kan bruke ChatGPT og liknande verktøy til å spare tid, lage betre tekstar, planlegge prosjekt, skrive rapportar eller til og med utforme ein HMS-plan eller marknadsstrategi. Her får du praktiske tips, råd og døme på korleis KI kan lette kvardagen, samt ei klar forståing av kva du ikkje bør overlate til kunstig intelligens.

Sosiale media - din viktigaste salskanal
Sosiale media er den viktigaste salskanalen din ? om du veit korleis du brukar den.
Vivian F. Nydal, Nydal Marketing, viser deg 10 gode grunnar for å vere til stade i
sosiale media, og verdien av synlegheita.

Opplev Fjord
Kvifor satsar Fjord kommune på synlegheit? Tina Hoel ? også kjend som «Opplev Fjord-dama» ? deler innsikt i satsinga, og kvifor fleire lokale bedrifter bør bli med på laget.

Påmelding innan 12.11:
Epost: gromarita@fjordhagen.com. SMS til 96 90 09 04
Gratis for medlemmar i Fjord Næringsforum
Kr 250,- for ikkje-medlemmar