Artiklar > Fjord sin kandidat til Frivilligprisen 2022
Fjord sin kandidat til Frivilligprisen 2022
Vigdis Susanne Hove Øie frå Stordal er nominert som Fjord kommune sin kandidat til Frivilligprisen 2022 for Møre og Romsdal
Frivillig arbeid står sterkt i Fjord kommune, og det meste av fritidsaktivitetar er basert på frivillig innsats.
Komande helg inviterer Møre og Romsdal fylkeskommune til stor markering av Frivilligåret. I samband med feiringa blir Frivilligprisen 2022 delt ut, Vigdis Susanne Hove Øie er nominert som Fjord kommune sin kandidat. Ho har engasjert seg i frivillig arbeid i over 40 år og er eit godt døme på stor frivillig innsats i Fjord kommune, og ein verdig kandidat til Frivilligprisen 2022. Her kan du lese grunngjevinga for nominasjonen.
Alle frivillige i dei mange lag- og organisasjonane i Fjord er heilt sentrale for kvardagslivet her, og at vi har gode lokalsamfunn. Her kan du bli kjent med dei og lese meir om aktivitetane dei tilbyr.