Artiklar > Folk i Fjord - Bli med heim til Andreas Ødegaard

Folk i Fjord - Bli med heim til Andreas Ødegaard

Folk i Fjord - Bli med heim til Andreas Ødegaard

I Fjord er det godt å bu, både som ung og gammal. Vi har vore på besøk med Andreas Ødegaard, som fortel at han trivst så godt i heimbygda si, Valldal.

Det har vore ein positiv trend i tilflyttinga i Valldal siste åra, og 28 år gamle Andreas Ødegaard er ein av dei som forstår kvifor. -Eg har alt eg treng her, og hvis det ikkje skjer noko, så får vi det til å skje, smiler han. -Det er ikkje verre enn det! 

 -Eg anbefalar alle å flytte til Fjord, det er ein fantastisk stad å bu for oss unge, seier han, før han legg til at det er flott for folk i alle aldrar. Han skryt av det gode samhaldet, musikkmiljøet, dugnadsånda og alle tilboda som finns i området. 

OpplevFjord får ei lita omvisning rundt om på det vesle småbruket han bur på, som var den store draumen å få kjøpe som ung. Her har han pub i fjøsen, bilar på låven, piano i stova og fleire prosjekt i gong utendørs, mellom anna ei stor garasje som har gler seg til blir ferdig.


Sjå full video av besøket hos Andreas på denne lenka!