Artiklar > Skremmande moro escapelabyrint i Valldal

Skremmande moro escapelabyrint i Valldal

Skremmande moro escapelabyrint i Valldal

Foto: TrollDungeon

I Valldal kan du oppleve eit ekte eventyr! I ein skummel, men veldig morosam escapelabyrint, kan du teste kor modig du eigentleg er.

TrollDungon har så smått starta på sin tredje sesong, og labyrinten i sentrum av Valldal, i same bygget som Kulå Bowling, har hatt mange fornøgde besøkjande så langt. For kvart år har labyrinten endra både på oppgåver og innhald slik det skal bli like spennande og kjekt å kome tilbake igjen og prøve seg på nytt.

 
Tør du gå inn i TrollDungeon, der sola aldri skin? Det er det store spørsmålet.
Tilbakemeldingane er mange frå dei som har turt seg inn i fangeholet til trolla.

«Innertier!», «Skumlare enn eg trudde», «Litt skummelt, mest moro»

Labyrinten er mørk og full av overraskingar. Dukkar det opp eit troll rømt frå grottefengselet, eller er trolla trygt innelåst til einkvar tid? Det må du sjølv finne ut på vegen gjennom mørket. Og det store spørsmålet er sjølvsagt om du finn vegen ut att?

Anbefalt nedre aldersgrense er 12 år på denne opplevinga. Det er ikkje tilrådd for yngre å delta, men ein vaksen kan ha med barn ned til 8 år. Tidsbruken gjennom escapelabyrinten er mellom 20 og 35 minutt, og maks 4 personar kan gå saman. Her må ein følgje med på hint og løyse oppgåver på vegen slik ein er sikker på å kunne kome seg ut att.

Let the #trollgames begin!