Artiklar > God jul
God jul
Året 2025 ligg snart bak oss og vi sender ei julehelsing til alle i Fjord!
Opplev Fjord har gjennom 2025 levert små og store glimt frå kvardagslivet i fjordsamfunnet. I vår "God jul"-video med helsingar frå heile kommunen ønskjer vi å spreie litt juleglede. Vi håper du set pris på engasjementet blant innbyggarar og bedrifter og ikkje minst vår tuba-spelande ordførar som verkeleg kan å by på seg sjølv.
I 2026 kjem Opplev Fjord nettsida til å skifte drakt, og vi gler oss til å dele den med alle saman utpå vårparten.
I Fjord skal vi vere tett på det som betyr noko, vi skal vere rause, livskraftige, skapande, berekraftige og nære.
Vi ønskjer alle ei god jul og eit godt nytt år!
Sjå full video av julehelsingar frå folk og næringslivet i Fjord her!

