Artiklar > Gründernettverk i Fjord til inspirasjon
Gründernettverk i Fjord til inspirasjon
Torsdag 30. oktober hadde vi vår andre samling i gründernettverket i Fjord kommune
Denne gongen møttest vi på trivelege Mormors kjøkken, der praten gjekk lett rundt bordet.
Etterpå fekk vi besøke garden til Mariell Veiberg, som nyleg har teke over drifta og bygd ny fjøs. Mariell tok oss med på ei lærerik og inspirerande omvising, og det vart mange gode samtalar om både framtid, utvikling og utfordringar i gründerkvardagen.
Det er kjekt å sjå kor mange engasjerte gründerar vi har i Fjord kommune og kven veit, kanskje spirar det fram nye samarbeid og prosjekt frå desse møta?
Bli med i fellesskapet!
Gründernettverket i Fjord er ein møteplass for inspirasjon, erfaringsdeling og nettverksbygging for deg som er eller ønsker å bli gründer.
Fjordhagen AS ønsker å styrke samarbeidet mellom dei kreative kreftene i kommunen. Målet er å legge betre til rette for utvikling, kompetanseheving og deling av erfaringar, samt vere ein støttespelar for alle som vil nå måla sine.
Dette er eit gratis lågterskeltilbod, ope for alle. Vi har teieplikt, og etter kvart vil vi besøke fleire lokale bedrifter som ønsker å fortelje sine historier. Det vil òg kome faglege innslag frå eksterne aktørar og kurshaldarar med tema som forretningsutvikling, marknadsføring og vekst.
Følg med, neste samling i gründernettverket vert i januar!
