Artiklar > Gründernettverk i Fjord - bli med i fellesskapet!
Gründernettverk i Fjord - bli med i fellesskapet!

Inspirasjon og nettverksbygging for deg som er gründer.
Fjordhagen AS ønsker å styrke nettverket blant dei kreative kreftene i Fjord kommune. Vi vil legge betre til rette for utvikling, erfaringsdeling, kompetanseheving og å bli betre kjend med moglegheiter til vidare vekst. Fjordhagen AS ønsker å vere ein støttespelar og pådrivar for at alle skal nå måla sine.
Gratis lågterskeltilbod
Dette er eit lågterskeltilbod og det kostar ingenting å delta, Vi har alle teieplikt som vi signerer. Etter kvart kan vi møtast ute hos dei bedriftene som ønsker å ta imot besøk for å fortelje sine historier og dele av sine erfaringar. Vi kjem også til å invitere inn eksterne aktørar frå virkemiddelapparatet eller kurshaldarar med fokus på til dømes forretningsutvikling og marknadsføring.
Første samling
Første samling er sett til onsdag 3. september klokka 12-14, og det blir på møterommet i næringsbygget i Grandegata 48 i Valldal.
Kontakt
Ta kontakt med Fjordhagen AS, tlf 96900904 eller epost gromarita@fjordhagen.com om du har spørsmål eller ønsker å melde deg på.