Artiklar > Hausten kjem!

Hausten kjem!

Hausten kjem!

I desse dagar er det skulestart og hausten står for dør. Ei flott årstid her i Fjord! Lurar du på kva du kan finne på? Her kjem nokre tips!

Sommaren er på hell og hausten bankar på døra snart. Lurar du på kva du kan finne på? Her kjem nokre tips!

Hausten er høgsesong for fotturar og fisketurar i fjellet. Mulegheitene er mange. Du finn turforslag både på stikkut.no. morotur.no og ut.no, og på lokale fotturkart og turguidebøker som du får kjøpt på butikkar og overnattingsstader. Du kan til og med gå pilegrimsleia frå Valldal til Dovrefjell og Nidarosdomen i Trondheim om du vil.

Aktivitetsselskapa Ræin og Uteguiden tilbyr guida turar, kurs og utleige av utstyr. Du kan padle, juve, klatre, rappellere, sykle,  og endå mykje meir. Valldal Aktivitetspark byr på klatrepark, leik og aktivitetar for heile familien, og på Jemtegård Feriesenter kan du spele frisbeegolf på 18-hols bane.

Naturattraksjonane våre er framleis tilgjengelege, du kan besøkje både Herdalssetra, Gudbrandsjuvet, Trollstigen og Zakariasdammen.

Om veret skulle vere surt er det også mykje å finne på innandørs. Bowling på Kulå bowling, escape-labyrint på Troll Dungeon og yoga, spa og retreat på Meretes Garden.  På Muritunet er det offentleg bading i godt oppvarma basseng. Fleire av kulturattraksjonane kan opnast for grupper, til dømes Ville krefter - kraft og skredsenter i Tafjord og Rosekyrkja i Stordal.