Artiklar > Historiske Sylte Hotell i Valldal

Historiske Sylte Hotell i Valldal

Historiske Sylte Hotell i Valldal
Foto: Storfjordnytt/Tina Emilie Hoel

Hotellet opna i ny drakt sommaren 2022, men opna for første gong i 1874.

Sylte Hotell ligg midt i Valldal sentrum. Det er Mathilde Knutsen Uri og Ole Henrik Uri som har børsta støv av det gamle hotellet, med full oppussing og renovering. Historia og sjela har likevel blitt godt bevart.

Sylte Hotell opna første gongen i 1874 og fram til 1960-talet var det mykje gjester sommarstid. Då Trollstigen opna i 1936, kom Kong Haakon VII til Valldal for å stå for den høgtidelege opninga av vegen og han besøkte hotellet for å ete lunsj. Bordet som no står i stova blei spesiallaga for anledninga og vert i dag kalla kongebordet. I juni 1946 kom dåverande kronprins Olav til Valldal i høve avdukinga av ein minnebauta for Martin Linge ved Negarden på Linge.

Hotellet har alltid vore ein stad for dei store samankomstane både dei hyggjelege, men også til dei meir triste som minnestund etter gravferder. Romma har fått namn etter fjella i området, og er flott utsmykka til minste detalj. Velståande britiske lakselordar kunne før i tida feriere i Valldal i vekesvis med fiske i Valldøla og budde på hotellet.

I lågsesongen held hotellet fram med ulike arrangement som alle er velkomne på, mellom anna «Svensk fika», «strikk og drikk» og andre samankomstar, til stor glede for folk i bygdene rundt.

Les meir om Sylte Hotell her.