Artiklar > Jordbærsjefen i Valldal
Jordbærsjefen i Valldal
Eirik Valdal (31) sette seg i januar i år i stolen som dagleg leiar ved Valldal Grønt AS. Han er i desse dagar godt i gang med å planlegge årets sesong.
Valldal grønt AS er ei produsenteigd bedrift som tek mot jordbær, bringebær, frukt og grønsaker frå området, og sørger for rask distribusjon ut i marknaden.
- Eg kjenner denne bedrifta godt, då eg hadde min første sommarjobb her som 13-åring. Sidan har eg vore her nesten kvar sommar, seier Eirik. Han er fødd og oppvaksen i jordbærbygda. 31-åringen har ein bachelor i IKT-basert bedriftsutvikling frå NTNU i Trondheim. Han tek over etter Harald Valle, som har arbeidd i Valldal grønt i 16 år. Bedrifta har to tilsette på vinterstid, medan det kjem mange sesongarbeidarar til bærmottaket om sommaren.
Mange utfordringar ventar
Omsetninga og leveransane av bær til oss varierer ofte sterkt frå år til år, og er knytt opp til korleis det har gått med sesongen ute hjå produsentane. Frost, for mykje eller for lite nedbør, varme, kulde, hjort eller andre ting som sjukdommar, sopp, råte eller skadedyr verkar inn. Utfordringane er mange for den populære bæra, men bærsjefen har tru på at godt samarbeid vil løyse dei største utfordringane.
- Jordbæra er ikkje ei hyllevare. Dårleg sesong i åkeren betyr dårleg sesong for Valldal Grønt. I fjor tok vi imot ca 200 tonn med bær og frukt. Det har vore mykje meir enkelte år, og vi satsar på å auke mengda att komande sommar.
Det har halde seg temmeleg stabilt med talet på jordbærbønder dei siste åra, men det blir eit generasjonsskifte om ikkje så lenge. Då blir det spanande å sjå korleis dei yngre vil satse, seier den nye jordbærsjefen.