Artiklar > Julelysa i Skomakargata i Valldal er tent

Julelysa i Skomakargata i Valldal er tent

Julelysa i Skomakargata i Valldal er tent

Foto: Kristi Linge Stakkestad

Laurdag 26.-søndag 27.november blir det julemarknad

Opplev den magiske julestemninga og julelysa i Skomakargata med flotte salsboder, fantastiske kunstnarar, ponniriding og kafe med mykje gode kaker. Julenissen kjem også! 

Les meir om arrangementet her.

Sist fredag vart «Jul i Skomakargata» opna og lysa tende. Dette vart markert med ei uhøgtideleg samling i Skomakargata der det var høve til å varme seg på gløgg medan ein kunne kose seg med underhaldning av mellom andre barnekoret, dansegruppa frå kulturskulen og Valldal hornmusikklag.

Mykje folk hadde samla seg for å sjå lysa verte tende og sjølv om snøen førebels glimrar med sitt fråver, var det nokså sur trekk denne fredagskvelden. Likevel, stemninga var god og då hornmusikklaget avslutta avdelinga si med «Deilig er jorden», vart det rett høgtideleg då dei frammøtte song med.