Artiklar > Kongebesøket vart ein folkefest

Kongebesøket vart ein folkefest

Kongebesøket vart ein folkefest

Det var ei flott oppleving for alle då kongeparet besøkte Valldal 31. august.

Næringsliv, frivillig, skular, barnehagar og innbyggjarar elles bidro til at det vart ein super dag i strålande solskin. Det var stor medieinteresse rundt besøket, og du kan lese meir på Kongehuset sine nettsider.

Representantar frå næringslivet hadde stand, og presenterte mangfaldet i kommunen. Lag og organisasjonar hadde representantar som stod og ønskte kongeparet velkomen. I tillegg bidro korpsa med drill til å skape ei flott ramme, og Stordal folkedansgruppe hadde ei flott framvising. Kulturskulen hadde mange gode ambassadørar på scena, og Norddal/Eidsdal Røde Kors stilte med mannskap om det skulle bli behov for slik bistand.

Etter at kongeparet var reist held festen fram med underhaldning frå scena, og det var utdeling av kaker og kaffi/saft og smaksprøvar frå Storfjord Iskrem.

Torsdag 1. september var det mottaking på Kongeskipet. Då hadde ordførar Eva invitert med seg representantar frå lag og organisasjonar, samt to frå Ungdomsrådet.

Vi ønskjer å takke kvar og ein som bidro til at dette vart ei flott hending.