Med heimelaga mat og uteliv på Alstad

Familien Schønefeld

Familien Schønefeld lever det gode liv på Alstad. Kvar dag er ein stor klem frå naturen, seier dei.

Han vaks opp mellom praktfulle Jugendstilfasadar i Ålesund, valde Australia som «rakettbase» for ei «romferd» i det kulinariske universet, budde i «verdsbyar» Salzburg, Wien, og Zürich, «og litt unna Berlin». Men då kjøkkensjef Christopher Schønefeld (41) og kona Stefanie (35) skulle velje ein plass til å stifte familie, var det ingen tvil: Vi skal bu på landet. I ei småvaksa grend i Valldal, har dei - med sine 3 barn - funne oppskrifta på det gode liv.

Christopher og Stefanie Schønefeld bur i eit bildeboklandskap. Snødekte fjell stikk hovuda gjennom sommarskyene som svever elegant forbi. Rett utanfor store vindauge slynger elva Valldøla seg fredeleg gjennom den grøne dalbotnen, på veg mot fjorden litt lenger sør. Det hastar ikkje her. Bjørk, osp, furu og kampestein helsar. Ei svalefamilie leikar «Boksen går». Til og med robotklipparen held pusten, lik som han ønskjer å nyte utsikta, før han snur seg til neste runde.

Inne ved langbordet i «Fjøsen», som er matstova og opphaldsrom for gjestane på Juvet landskapshotell, blar Christopher gjennom si «karriere-kokebok». Han tek oss med på ei «danningsreise», frå starten på Sjøbua i Ålesund, via spennande mellomstopp i Australia og Mellom-Europa, til sin noverande draumeplass i Fjord kommune: Burtigarden på Alstad, som er bustad og arbeidsplass i eitt.

Christopher er kjøkkensjef på Juvet. Hotellet har 9 rom, med plass inntil 20 gjestar, og tilbyr ein kombinasjon av moderne arkitektur, kulturhistorie og rå natur. Kona Stefanie med hotellutdanning i bagasjen - står for logistikken på den verdskjente overnattingsstaden. Arbeidet kombinerer ho for tida med permisjon for å vere mamma heime for Norik (5), Olea (3) og Hedda (9 månader). Heime er berre nokre få hundre meter unna: eit hus som til liks med hotellet blir omfamna av mark og skog. Inne er ute, ute er inne. Her får alle ein stor klem frå naturen.

Christopher og Stefanie kom til Alstad for seks år sidan. Dei har ikkje angra ein einaste dag. Juvetgründer Knut Slinning ga Christopher frie taumar då dei satt rundt bordet og snakka om korleis den internasjonale erfarne kokken hadde tenkt å arbeide som «sjef» på landskapshotellet. «Gjer det du vil, sa Knut», smilar Christopher.

Kombinasjonen av ansvar og friheit viser seg å vere perfekt. Utanom utvikling av lokal matoppleving for gjestane, har han også rom for å utvide sin eigen horisont. «Sjå her», seier Christopher, før han spurtar til kjøkkenet til å finne fram ei fengslande flaske. «Saman med nabobonden har vi utvikla denne. Bær som ikkje kan seljast i butikkane, har vi brukt til å lage ei ny lokalmatvare». Bringebæreddiken er eit første steg. Planen er at den lille spira på sikt veks til eit produksjonskjøkken for lokalmat og hekkeplass for nye matformer med utsalsplass her, rett i nærleiken av hotellet.

Maten er viktig, men ikkje det einaste som står på menyen hos Christopher og Stefanie. Ekteparet har klart å finne balansen i livet, der heimekos og uteliv saman med barna, katten og hestane - har ein like stor plass som arbeid og karriere.

"Knut har same tilnærming til jobb og fritid som oss", seier Christopher. «Eg er fast tilsett, og har fri annakvar helg. Om vinteren har eg tre månader fri, og vi kan ta oss ein tur innimellom. Det er svært avslappande å gå gjennom skogen når du har det travelt. Vi kan også gjerne kombinere tur og jobb. Undervegs utnyttar vi ofte moglegheita til å sanke lokale urter, som vi kan bruke på kjøkkenet seinare".

Sjølv om det har vore givande, både fagleg og personleg, saknar han ikkje «stjernemiljøet» i det europeiske topprestauranttilværet der ein hektisk, rastlaus, og hierarkisk kvardag er hovudingrediensen. Å unngå halvanna time med pendling tidleg og seint på dagen er ikkje så verst heller.

På Alstad finst det ikkje kø. Her treng ein berre ein liten rusletur for å kome på arbeid. Og det er «fole kjekt» som dei bruke å sei på Sunnmøre.