Fanga av glas

Fanga av glass

Kunstnar Sølvi Lill Seljebotn brukar naturen for å fortelje historier gjennom glas.

Fremmerholen, Ålesund. Slutten på 60-tallet. Ute modellerer haustvinden bølger på Brusdalsvatnet. Inne er ei lita, 3-år gammal taus klar til å seile sin eigen sjø. Med papir og blyant som kompass, skal ho teikne «pappa Knut», så fortel ho mamma. Eit halvt hundreår seinare har oppdagingsreisa ført Sølvi Lill Seljebotn (55) til Fjord kommune, der ho har fortøydd seg som glaskunstnar i sin eigen verkstad i Stordal sentrum.

Skånsam, og med fin hand finn Sølvi Lill Seljebotn fram ein vel bevart konvolutt. «Mi skattekiste. Mamma har oppbevart mine første teikningar». Arbeidsbordet på hennar nye verkstad og utsalsplass i den tidlegare VAD-møbelfabrikken, blir forvandla til eit utstillingsvindauge frå barndomen. «Her» seier Sølvi. «Her har vi pappa Knut».
Ei anna skisse som liknar på ein engel, viser seg å vere «Mange fingre», som mora hennar har notert. På neste illustrasjon frå 3-åringa les vi «Hund». Ei figursamling med tittelen «Familiebilde» består av pappa, mamma, nokre jenter, veslegut, og vesle babyen. Og ein hest sjølvsagt. «Mor mi har fanga opp kva eg fortalte ho».

Teikningane er meir enn berre gode minner. Fleire av dei gamle illustrasjonane finn ein igjen i Sølvi sin noverande glaskunst. «Akkurat som med teikningane, ønskjer eg framleis å fortelje historier gjennom det eg lagar. Når eg bruker igjen dei gamle motiva, kan eg skrive ei ny forteljing.»

Ho likar å vekkje nysgjerrigheita hos kundar og besøkjande, og gi dei rom til å starte ein eigen tankebane når de ser på hennar arbeid. Det siste ho ønskjer er å avsløre kva som skjer. «Når du målar eit tre, er det bortkasta å kalle det «Tre». Ein liten kulturell guidet tur langs det stilfulle utvalet i hennar kunstnarstue, viser kva ho meiner. Titlane som er knytt til dei ulike verka pirrar tilskodaren til å bruke eigen fantasi og førestellingsevne.

I hennar fengande kolleksjon har naturen fått tildelt hovudrolla. Skog og fjell, himmel og hav, fjerne horisontar, og fastfrosne, frodige og utstrekte landskap, er fanga i ulike fargar og fasongar, frå veggkunst til fat, og smykke til pynt. Minste glasbitane blir ikkje kasta, men skin som øyredobbar. Blant alt det vakre er det eit dyr som fangar merksemda: isbjørnen. «Eg har budd to år på Svalbard. Du får respekt for naturen, når du er der. Isbjørnen, han er kongen».
Naturen inspirerer. «Han gir meg enormt mykje. Å være ute er ei oppleving. Litt sakralt og. Eg skriv det eg opplever ned i ei skissebok, tar mange bilder, og dreg det med heim».
Ho treng ikkje å trakke langt for å få inspirasjon. Storfjorden helsar utanfor verkstaden. Heime på Vad ligg skogen nokre få steg frå framdøra. Litt lenger opp i dalen startar skogsvegen som krabbar oppover mot Løsetnakken. Setra som ein finn der er knytt til familien sin gamlegard, rett ved sida av der ho bur, og som er hennar eigedom no. «Som barn har eg vore her på besøk ofte. I feriane hjelpte vi til med potetuttaking og saueslepp».


Kor mektig naturen kan bli, erfarte ho på Svalbard. «Der opplever du at vi er ganske små, at vi er berre gjestar som er på besøk». Opphavleg skulle ho være tre månader på toppen av verda. Ho treivst veldig godt, og fekk sjansen til å forlenge kunstnareventyret i Arktis, ved å kombinere innvilga prosjektstøtte frå Longyearbyen Lokalstyre med jobb i ei systue og ein butikk.

Tilbake på Sunnmøre landa ho i Fjord kommune, for å leve saman med «ein kjekk kar» på Vad, som ho hadde bli kjent med rett før ho for nordover. At tre månader til slutt ble til to års opphald i Polhavet, var ufarleg for det ferske forholdet. «Klart skal du reise, så han». Ho smiler når ho tenkjer tilbake på augneblikket, då ho fortalte Leif Magne om planane sine.

I 2021 selde ho huset i Ålesund». Ho angrar ikkje. «Når du har budd på Svalbard og opplevd kva stillheita er, er overgangen til bylivet enormt. Det hastar. Det er stressande. Masse lydar, særleg i bykjerna. Kanskje det også har noko med alderen å gjere, men likevel. Her, hos oss er det stilt. Du kan lukte naturen. Skogen, fjorden, våren. Graset, ved slåtten». Ho draumar seg nesten bort.


Ho var 36 då ho valde å realisere sin kunstnardraum, og forlate ei karriere innan marknadsføring, innkjøp og logistikk, for å ta ei toårig utdanning på Ålesund Kunstfagskole. «Åleinemor, med to barn og nybygd hus. Det var litt av eit val».

Sidan då er ho fanga av glas.

Ute kvervlar nysnøen og prøver å skissere akvareller på kunstnarverkstaden sine vindauge. Inne har elevar frå Stordal og Valldal skule (3-8 klasse) heist seila for ei oppdagingsreise i ukjente farvatn, med småtausa frå Fremmerholen som kaptein, læremeister og kompis. Ein stolt lærar viser fram glaskunstverka som hennar kulturskulelærlingar har skapt. Nye forteljingar av en ny generasjon som gjer ein nysgjerrig til å sjå og høyre meir, står klar til smelting i omnen. «Dette er morsdagspresangar», smilar Sølvi. Mødrene kan glede seg.