I fotspora til oldefar

I fotspora til oldefar

Mari-Linn Hole og Robert Bergerud bygg draumar med historisk sus på garden i Eidsdal.

Mari-Linn Hole (36) er kome heim. Saman med ektemannen Robert Bergerud (42), og deira 3 barn, flytta ho frå Stavanger til barndomsheimen der ho vaks opp, litt under 100 meter ovanfor Eidsdal sentrum. Ute sniker fjorden, Kyrkjefjellet, Mefjellet, Vardefjellet, Ormula og andre spissar i utsiktskøa. «Våren er her» kvitrar fuglane som har tatt i bruk frukttrea i hagen som øvingslokalet. I stua fortel Mari-Linn og Robert om det nye kapittelet som dei kan skrive i boka om Andersgarden, 100 år etter at oldefar starta her som bonde.

Gravemaskina styrer kvardagen på Andersgarden for tida. Grøfta rundt huset og haugane med jord er imponerande. «Vi har vår eigen vollgrav», spøkjer Robert Bergerud. Dreneringsarbeidet er ein del av «den lange planen» som Mari-Linn og Robert har for åra som kjem: å setje i stand ein gard, som ungane ein gong, langt fram i tid - kan ta over, når dei ha ønsket om det. Mari-Linn smiler. «Vi skal ikkje true dei».

Livsprosjektet er ein framtidsdraum med historisk sus. Andersgarden er ein familie- og kulturarv, som ekteparet ønskjer å ta vare på, saman med sine jenter: Martine (12), Julianne (9) og Ingrid (3). Å bo i eit hus, som oldefar kjøpte i 1920 etter han kom heim frå Amerika, der farfar og sine sysken, og pappaen blir født, der mora flytta inn, og Mari-Linn tok sine første skritt er svært spesielt. Dei nær 150 år gamle veggane, har vore vitne til mykje. Stadig vekk er det småhistorier som dukkar opp.

Eigedomen er stor, og strekkjer seg frå eit gammalt våningshus, litt lenger borte mot sjøen, langs deira bustad, via stabbur, vedaskot og fjøs, fram til Eidsdal skule, nesten ein kilometer lenger opp i dalen. Bunken med idear og tankar om garden si framtid er like solid som sitjeklipparen Robert har kjøpt. «I Stavanger hadde vi berre ein liten hageflekk. Her ville klipping ta 4 timar, utan ekstra utstyr».
Marka er leigd ut. Fjøsa står tomme. Inntil vidare i all fall. «Mellomjenta er veldig glad i dyr. Geit, sau, kje. Ho vil gjerne ha dyr i fjøsa».

Å bytte storbyen Stavanger med Sunnmøre var eit bevist val. Når ein prøver å manøvrere trygt mellom jobb, småbarnsfamilieliv, og har ein «smørbrødliste» med fritidsaktivitetar ein ønskjer å være med på, er det svært praktisk og tryggjande å vete at ein ikkje treng å forstyrre naboane alt for ofte, men veit at «Mamma & Mormor» gjerne stiller opp når ho blir ringt.

Flytteplanen blei verkelegheit, da Robert kunne starte i ny jobb som rekneskapsførar i Ålesund. Mari-Linn fekk draumejobb i Geiranger, som sals- og marknadssjef for Geiranger Skywalk Dalsnibba - 1500 meter over havet.

Den opphavlege planen å kjøpe seg eit hus og flytte til Jugendstilbyen etter omtrent 1 år , blei lagt på is, da Mari-Linn fekk moglegheit til å ta over barndomsheimen. Som 4. generasjon. «Mora mi budde aleine her frå 2008, etter at pappa dø. Ho var takknemleg at vi at vi var villig til å overta etter henne».

Livet smiler i Eidsdal. «De bur i eit postkort», a ein av vennane frå Stavanger, litt etter familien hadde flytta inn. Kven skulle tvile på det? Snøkvite fjell, ferja som glir over fjorden på veg til Linge, «lillebygda» nede som koser seg i vårsola. Utsikten-på-ekte er ingen oppspinn eller «turistbrosjyre-skryt».

Livet i smørauget mellom Trollstigen og Geiranger har «ei ulempe». I sommartrafikken når hundretusenvis av gjester frå tallause land ønskjer å oppdage den vakre naturen, kan det være travelt å komme seg heim. Plutseleg er det ingen plass på ferja for Robert når han melder seg på kaia på Linge. Å køyre bak turistane i sneglefart frå Geiranger, er ikkje den beste opplevinga eller, når Mari-Linn har tenkt å hente barn i barnehagen før stengetid.
Men begge er samde. Sommarkøa er berre blåbær, samanlikna med alle fordelar ein har ved å bu på bygda.

I ein samtale rundt bordet om sin nye heim, nemnde jentene: «Pappa, ting er så nære her». Robert peikar mot vindauga. «Badestranda ligg 200 meter lenger ned, å gå på fisketur tar like mange meter. Innan 10 minutt kan alle stå på ski. I byen tar det 2 timer. Skulen og fotball- og friidrettsbane er berre 1 kilometer unna».

Garden er ein leikeplass utan grenser for barna, Villa Villekulla mellom fjord og fjell. Vår, sommar, haust. Og når vinteren melder seg, helsar han ikkje med «eit-tynt-lag-med-slaps, som-forsvinn-etter-to-dagar» som i Stavanger, men leverer han nok pudder til å lage så mange englar i snøen ein kan ønskje seg. I vekevis.

Det gode bygdeliv inneheld meir enn ro, stillheit og å vere ute, for Mari-Linn og Robert. Saman med jentene ønskjer dei å være ein del av bygdesamfunnet. «Når ein flyttar hit, har ein også eit ansvar til å delta i bygda. Her har vi ingen store klubbar med dagleg leiar, men er vi avhengig av eldsjeler som stillar opp, og at ein saman med andre er med på dugnad når ein ønskjer å skape noko».
Robert viser til naust-rekkja, nede ved sjøen. «Saman med dei andre eigarar, har vi starta opp eit restaureringsprosjekt». Med eit glimt i auga fortel han om planane om korleis dei ønskjer å fylle kulturminna med nytt liv og aktivitet. «Nausta har ulike byggestilar. Nokre går tilbake til 1600-tallet. Tømmeret som skal brukast kjem snart plass».

Etter at «jungeltelegrafen» spreidde nyheita om at familien hadde bestemt seg for å bli buande i Eidsdal, tok det ikkje lang tid før dei første lag- og organisasjonane meldte seg på Andersgarden for å spørje om dei nye «landsbyboarane» kunne tenkje seg å bidra. «Og då var vi med i næringsutviklinga, elveeigar- og idrettslaget».
Dugnadslivet er givande, ifølgje Mari-Linn. «Det er viktig å engasjere seg. Det tar tid, men du får også så mykje tilbake. Bygda elskar at du er med. Du blir ein del av samfunnet. Vi gled oss til å være eit lite hjul i det heile».
I fotspora til oldefar.