Artiklar > Kyrkjehola kulturbeite - eldsjeler og dugnad

Kyrkjehola kulturbeite - eldsjeler og dugnad

Kyrkjehola kulturbeite - eldsjeler og dugnad

I Stordal finn vi eit heilt spesielt sommarprosjekt som har halde koken bokstaveleg talt på dugnad, i over tjue år.

Kyrkjehola kulturbeite er eit ikkje-kommersielt kulturtilbod som kvar sommar samlar publikum frå fjern og nær til konsertar, litteraturkveldar og kunstmøte i dei unike omgjevnadene på Stordal bygdetun.

Bak kulturbeitet står tre eldsjeler, Kristian Almås, Eva Hove og Bjørnar Midtbust, alle pensjonistar, men på ingen måte ferdige med å bidra til kulturlivet i bygda.
«Vi gjer dette fordi vi vil at det skal skje noko positivt her om sommaren. Det skal vere mogleg å oppleve kultur av høg kvalitet, også i små lokalsamfunn,» fortel dei.

Kyrkjehola kulturbeite har sidan starten i år 2000 vore ei sommarscene for profesjonell kunstformidling, med Rosekyrkja, Prestestova og Løsetstova som ramme. Dei vakre og historiske husa gir ei heilt eiga atmosfære, og nettopp det har gjort arrangementa her til noko mange vender tilbake til år etter år.

Publikum kjem ikkje berre frå Fjord, men også frå Ålesund og resten av Nordvestlandet for å oppleve alt frå klassisk musikk, jazz og folketonar til litteratur, biletkunst og samtaleprogram. Kulturbeitet har òg hatt som mål å skape noko nytt ved å la kunstnarar frå ulike felt møtast og utforske grenseområda mellom ord, bilete og musikk.

Etter nokre år med rolegare aktivitet fekk trekløveret igjen lyst til å satse meir på kulturbeitet, og responsen frå publikum har vore overveldande.
«Det gir meining å halde på med dette når folk kjem tilbake og seier at dei har hatt ei stor oppleving,» seier Kristian Almås.

Alt arbeidet skjer på dugnad. Frå å hente artistar og rigge til scene, til å selje billettar og lage annonser. I det siste har Kyrkjehola kulturbeite også inngått samarbeid med Nilsgardstunet, noko som gjer det mogleg å kombinere kulturopplevingar med lokal mat og gode møteplassar.

No er planlegginga av sommarprogrammet 2026 godt i gang. Fleire artistar er allereie signerte, og dei lovar ei spennande blanding:
«Vi kan røpe at det blir både operasongarar i norgestoppen, talentfulle Spellemann-vinnarar, virtuose gitaristar, svingande jazz og kanskje ein av landets mest populære artistar i kryssinga mellom folkemusikk og popmusikk!»
Bileta under viser eit utval av årets artistar. 

Kyrkjehola kulturbeite har aldri hatt som mål å tene pengar, men dei treng likevel støtte for å gå i balanse. Og sjølv om dei ikkje får kommunal støtte slik som tidlegare, så er både det lokale næringslivet og fylkeskommunen gode støttespelarar, og ikkje minst publikum møter opp og viser at dei set pris på og støttar arbeidet

For arrangørane handlar alt om det same som då det starta i år 2000:

Å gje folk store opplevingar i små rom, og la kulturen blomstre mellom fjord og fjell.