Nasjonal turistveg Foto: Kristi Linge Stakkestad

Vegen mellom Geiranger og Trollstigen er ei av 18 utvalde vegstrekningar i Norge som går gjennom landskap med unike naturkvalitetar

Det er lett å få høg puls i dei elleve snirklete svingane i Trollstigen eller når du skodar utover Flydalsjuvet og frå Ørnesvingen ned mot Geirangerfjorden. Frodige dalar, lune jordbærbygder, stupbratte fjell og utkikkspunkt gir både sug i magen og nokre av dei beste utsiktene Norge kan by på.

Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen (fv63) går mellom Sogge bru i Romsdalen og Langvatnet på Strynefjellet. Det er ferje på strekninga Eidsdal - Linge. Deler av vegen er stengt i vinterhalvåret. Strekninga Langvatnet - Geiranger er normalt stengt i november - mai, Trollstigen er normalt stengt i oktober - mai.

Trollstigvegen har i fleire hundre år vore viktig for ferdselen mellom Valldal og Åndalsnes. Først som ein sti, deretter som rideveg heilt fram til arbeidet med Trollstigvegen vart starta i 1916, og vegen vart opna i 1936.
Delar av den opprinnelege kløvstien er framleis synleg og farbar til fots.

Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen