Norddal Husflidslag

Norddal husflidslag vart stifta 4. februar 1973. Logoen til laget er ei trykkrose etter han ?Fargar-Iver?

Husflidslaget driv husflidsbutikk i Skomakergata 4. Her sel vi medlemmane sine produkt:  mykje strikk; vottar, huver, kufter mm, Vi har produkt i tre og skinn, og vi har også tombola. Butikken er open kvar laurdag og blir driven på dugnad. Butikken blir også brukt som møtelokale.

Norddal husflidslag har hatt kurs i ulike teknikkar som bunad, vev, farging, knivmaking ol. Vi har også kurs for ungdom i Ung husflid. Tradisjonsbæring er viktig. Kurs blir annonsert i Storfjordnytt.

Norddal husflidslag arrangerer ei stor messe kvar sommar med bl.a husflid frå distriktet og lokalproduserte matvarer

Norddalsskjorta
Dette er bunadsskjorta som høyrer til Norddalsbunaden som er den lokale varianten av Sunnmørsbunaden. Medlemmar i laget stod for arbeidet med å teikne av mønsteret av frå ei gammal skjorte, lage den nye skjorta og få den godkjent. Kalla Linge fekk kulturprisen i 1993 for dette arbeidet. På grunn av arbeidet som desse damene stod for har Norddal husflidslag avtale med Husfliden om sal av Norddalsskjorta.

Norddalsskjorta finns både som herre og dameskjorte og du får kjøpt materialpakke på Husflidsbutikken

Vi har ikkje nettside, men du finn oss på facebook: Husflidsbutikken og Norddal Husflidslag

Om bedrifta


Namn:
Norddal Husflidslag
Adresse:
Skomakergata 4
6210 Valldal
Telefon:
920 19 235
Nettstad:
E-post:
-