Artiklar > Nye leilegheiter er innflyttingsklare

Nye leilegheiter er innflyttingsklare

Nye leilegheiter er innflyttingsklare
Foto: Storfjordnytt/Tina Emilie Hoel

Hogne Telford Grønningsæter er nøgd med sitt første leilegheitskjøp i Skulebrauta sentralt i Valldal

Fyrste bygg med topp moderne firemannsbustader er klart

Hovden Bygg AS, saman med Fjorden Utvikling AS, står bak prosjektet i Skulebrauta i Valldal, og no er eitt av to bygg klart til overtaking. Salssjef i Fjorden Utvikling, Trond Aasestrand, heldt ord då han sa at desse firemannsbustadene var for alle typer folk i alle typer livsstadium. Det gjenspeglar seg i dei som har førehandskjøpt seg bolig her, for det er både unge og gamle, einslege og par.

 

Nøgde kjøparar

På overtakingsdagen var det mange spente kjøparar som kom for å sjå den ferdige leilegheita si. Enkelte har til og med vore med å gjere litt sjølve, til dømes montering av kjøkken, lister og anna, og andre er godt nøgde med å kome til eit ferdig produkt. I prosessen har kjøparane vore med å velje fargar, fliser, kjøkken og anna, og derfor såg ingen av bueiningane like ut innvendig. Alt var topp moderne og brukarvennleg for alle aldrar.

Behov for bustader

Kenneth Hovden frå Hovden Bygg AS fortel at han er nøgd med slik prosjektet har gått hittil, og at dei kom i mål når dei skulle.

Det er kjekt å gi fleire boliger til folk sentralt i Valldal, og vi ser at det er behov for ein stad å bu, seier han. No når det fyrste bygget er så godt som ferdig, startar arbeidet med det siste leilegheitsbygget i Skulebrauta. Ute står ein gjeng arbeidskarar og planlegg kva dei skal starte med, og var allereie i gang med å måke vekk snø frå området der det neste bygget skal stå.

Det er kjekt å vere med på slike prosjekt i lag med kjekke kollegaer og folk, seier Andreas Ødegaard.

Ledig leiligheit

Trond Aasestrand frå Fjorden Utvikling AS synest at alt har gått utruleg bra, og viser fram alle dei fine detaljane i leilegheitene.

Det er også fjernvarme her, noko som gjer at både straum og varmtvatn blir billig, seier han. Han trur at dette er noko av det beste ein kan investere i, uansett om ein er ung eller gamal, og tenkjer allereie på liknande prosjekt i fleire av bygdene i Fjord Kommune.

Akkurat no er det éi leilegheit her som er ledig på bakkeplan, fortel Trond. Han og Kenneth kan avsløre at dei får telefonar frå nysgjerrige potensielle kjøparar, men at dei til dags dato fortsatt har plass til fleire som har ønske om å bu i Skulebrauta.