Artiklar > Nysgjerrig på livet i Fjord?
Nysgjerrig på livet i Fjord?

BLI MED HIT!
På jobbmessa BLI MED HIT! får du møte arbeidsgjevarar som enten har ledige stillingar eller framtidsutsikter som gjer det lurt å ta kontakt allereie no.
Fjord kommune skal delta i Trondheim tysdag 28. oktober frå klokka 16.30 til 19.00 og på stand kan du møte personalsjef Marius Moe.
Jobbmessa er ein flott arena for dei som er interessert i kva det gode livet på bygda kan gje deg både i form av arbeidsplassar, bustad og meir!
Sjå litt av det Fjord kommune har å by på.
Vi byr på gratis inngang, noko lett å bite i, og legg til rette for mingling og gode samtalar.
Kom til Radisson Blu Royal Garden Hotel.
"BLI MED HIT! Møre og Romsdal" er eit samarbeid mellom Molde Næringsforum, Kristiansund og Nordmøre Næringsforening, og Næringsforeningen i Ålesundregionen.