Artiklar > Nyt varmen - velkomen til badstova i Tafjord

Nyt varmen - velkomen til badstova i Tafjord

Nyt varmen - velkomen til badstova i Tafjord

Visste du at du kan oppleve ei heilt unik badstove midt mellom fjord og fjell i Tafjord?

Bak konseptet står Ræin Adventures, som ønskjer å gi både fastbuande og besøkande ei oppleving tett på naturen, bokstaveleg talt.

Badstua ligg idyllisk til på gamle Tafjord kai, med utsikt over den stille fjorden og dei mektige fjella som reiser seg rundt. Her kan du senke skuldrane, kjenne varmen frå omnen og la det friske fjordvatnet gi både kropp og sinn ny energi.

«I takt med naturen ønskjer vi alle velkomen i vår badstove,» seier gjengen bak prosjektet. Badstova har automatisk styring, og du kan enkelt booke tid sjølv, minst 15 minutt før bruk.

Badstua er open kvar dag frå kl. 07:00 til 22:00, og står klar til bruk året rundt som eit lite pusterom i kvardagen.
Enten du kjem etter ein topptur, ein kajakktur, eller berre vil nyte stilla ved fjorden, er dette ei oppleving du ikkje vil gå glipp av.

Besøk nettsida til Ræin Adventures for å bestille tid, og nyt stunda i vakre Tafjorden.

Denne fjordsaunaen er verkeleg verdt eit besøk!

Alle foto: Vivian F. Nydal