Artiklar > Nytt kafe-tilbod i Valldal sentrum
Nytt kafe-tilbod i Valldal sentrum
Ormula Fjellkafe har opna i lokala til den gamle Fjellropuben
Nytt konsept som mellomting av kafe og pub
Det var fleire som sakna den tradisjonsrike hotellpuben etter at ekteparet Tom Erling Bahus og Nina Bauge overtok Fjellro turisthotell i 2021 og opna i ny drakt som Valldal Fjord Lodge. Mykje er blitt gjort både inne og ute på hotellet etter at dei fekk nøklane, og no har dei opna med eit tilbod i den velkjente kjellaren att.
Det er Michal Kowalski som står bak det heilt nye konseptet Ormula Fjellkafé, i tett samarbeid med Bahus og Bauge.
Eg vil ikkje at folk tenkjer at den gamle Fjellro-puben er tilbake, for dette blir noko litt anna, seier han og fortel at konseptet er ein mellomting av kafé og pub. Av mat vil han tilby diverse smårettar og kanskje noko god polsk mat etter kvart.
Michal har ein stor lidenskap for natur og fjell og ønskjer at kaféen også kan fungere som eit informasjonssenter for Reinheimen Nasjonalpark og Tafjordfjella på dagtid der han kan dele kunnskap og erfaringar om fjellområda saman med ein liten matbit eller ein kaffi.
Rundt i lokalet heng det gamle bilete av fjella i området, kart over Tafjordgfjella og gammalt turutstyr som både ski og anna litt inspirert av DNT sine fjellhytter, fortel Michal. På kveldstid blir det litt meir pub med quiz, brettspill og god musikk. Han ønskjer også å arrangere små konsertar og filmvisingar av ulikt slag etter kvart.
Følg Ormula Fjellkafe på Facebook.