Artiklar > Sylte kyrkje er open i sommar

Sylte kyrkje er open i sommar

Sylte kyrkje er open i sommar

Foto: Terese Jemtegård Moen

Sylte kyrkje er open kvar dag klokka 09 - 21. Det blir også pilegrimsvandring, konsert og gudsteneste. Velkomen innom!

Kyrkja er open for alle frå klokka 9 om morgonen til klokka 9 om kvelden i tidsrommet 23. juni - 15. august. Kyrkja blir stengt ved kyrkjelege handlingar.

Aktivitetar i kyrkja


Søndag 29. juni kl 17.00
: gudsteneste

Måndag 14. juli og måndag 21. juli kl 19.00: pilegrimsvandring frå Syltetorget via Sylte kyrkje og til Korsbrekka

Søndag 20. juli kl 18.00: konsert med Knut Marius Djupvik. Billettar kan kjøpast på Tikkio eller i døra. 

Torsdag 24. juli og torsdag 7. august kl 19.00: enkel samling

Olsokmarkering 27.  juli

Kl 08.00: start pilegrimsvandring frå Syltetorget via kyrkja til Korsbrekka, Døving, Hoel og til Rem
Kl 11.30: start pilegrimsvandring frå Rem til Alstad
Kl 13.00: Olsokgudsteneste på Alstad. Kyrkjekaffi etterpå.


Kva skjer i kyrkja i Fjord