Fjørå

Fjørå Foto: Anne Lene Hjelle

Fjørå er ei grøderik bygd. Her er lett tilkomst til fjord og fjell med fiske og turterreng.

Om du følgjer vegen som slynger seg oppover den bratte lia til gardane øvst oppe i Fjørå, kan du oppleve eit vakkert utsyn innover Tafjorden og mot Tafjordfjella. Eit populært turmål er å gå frå parkeringsplassen på Hauge og opp til den store ruggesteinen på Ruggå, ein samlingsstad frå eldre tider med grindløe, rastebenkar og god utsikt ned til jordbæråkrane i Valldalen. Mefjellet 1100 moh. er også eit populært turmål som gir fantastisk utsikt over fjorden, fjella og bygdene kring Norddalsfjorden. Her vert motbakkeløpet Mefjellet Opp arrangert kvar sommar.

I Fjørå kan du også finne nonneklosteret Det hellige patriarkalske og stavropegiske kloster av de hellige Kong Olav og Profet Elias. Dette er Norges første nonnekloster, grunnlagt av patriarken i Georgia. Nonnene bur og lever på garden Ruset, 300 moh., og har opne liturgiar og bønnestunder der det er ope for dei som vil kome og delta. Dei tilbyr også guida turar til klostertomta på Syltefjellet, der dei har planar om å byggje ei trekyrkje.