Tafjord

Tafjord

Foto: Kristi Linge Stakkestad

Tafjordbygda ligg lunt til inst i fjorden og har fleire varmerekordar. Bygda er eit av dei mest nytta startpunkta for turar i Tafjordfjella.

Tafjord er kjent som vasskraftbygda, og demninga Zakariasdammen er eit populært besøksmål. Demninga vart bygd i 1967 og er heile 96 m høg. Her vert det samla vatn for elektrisitetsproduksjonen i Tafjord AS. Er du av dei som ikkje er redd for store høgder, har du høve til å gå på toppen av demninga. Det er også mogleg å rappellere ned demninga som organisert aktivitet i regi av kraft- og skredsenteret Ville krefter i samarbeid med Ræin Sustainable Adventures. På kraft og skredsenteret Ville krefter kan du leike med, lære om og oppleve naturkreftene gjennom utstillingar og aktivitetar. Her er både formidling av historien kring Tafjordulukka i 1934 og dagens overvåking av ustabile fjellparti.

Tafjordfjella er eit populært friluftsliv- og fjellturområde. Her kan du vandre frå hytte til hytte langs Sunnmøre Turistforening sitt turstinett. I Tafjord Friluftsbad kan du bade i oppvarma basseng.

Hofseth Aqua er også ei stor bedrift i Tafjord med anlegget som produserer smolt til oppdrettsnæringa. Dei har visningskonsesjon på oppdrettsanlegget som ligg ved Vindsneset og her kan du lære meir om oppdrettsnæringa.