Valldal 2029

Valldal 2029

Foto: Fjordhagen AS

I åra fram mot 2029 skal prosjektet Valldal 2029 planlegge og gjennomføre tusenårsjubileet. Kvart år fram mot 2029 vert det utvikla og testa nye formidlingskonsept som kan vere med å sette lys på temaet "Olav i folketradisjonen".

I 2023 vart det testa ut tur med Borgundknarren frå Sunnmøre Museum, og Sunnmøre Live produserte også "I kjølvannet av Olav den hellige" ein flott tv-serie i seks delar, med skildring av flukta til Kong Olav, korleis han vart jaga både frå nord og sør og til slutt måtte rømme innover Storfjorden, opp Valldalen over til Dovre og seinare Russland.

Valldal 2029 er ein del av "Nasjonaljubileet 2030 - Norge i tusen år" og ein del av jubileumsstafetten der mange stader og aktørar i Norge er med å fortel sine historier.