Arena Overøye

Eit vinterparadis anten ein vil renne i preparerte løyper, gå topptur, eller nyte det flotte løypenettet på langrennski.

Vinterparadiset Arena Overøye finn du en god times ferjefri køyring frå Jugendbyen Ålesund, og knapt 1.5 time fra Molde. Du køyrer Stordalsvegen til Vad bru, og der det er skilta alpinsenter tar du av til Øvre Stordal og det idylliske og familievennlige alpinsenteret på Overøye.

Skianlegget har dugnadsdrift og både bygdafolket og fritidsfolket stiller velvillig på. Snørike Arena Overøye har flotte nedfarter som passar for dei fleste, med familievenlege løyper og brattare bakkar for dei som vil ha fleire utfordringar.

Overøye er også ein svært populær stad for pudderjegerar, og i sesongen 2022 kom det gang på gang store mengder med nysnø. Sesongkortsalget har vore «all time high», og sjølv om det har vore mykje ver i år, så har det vore ein god sesong utan å måtte stenge ein einaste dag.

Mellom skisesongane vert bakkeplanering og prosjektering av ny veg til varmestua prioritert, der det vert gjennomført ei utviding når heilårsvegen er klar.

Heisparken på Overøye består av 1300 m Doppelmayr T-trekk, 300 m LST 200 Familietrekk/koppetrekk og Pomalift på 1100 m. Alle heisene er nyrenoverte. Barnevenleg skiband er plassert ved øvingsbakken, og det er ein perfekt stad å øve skiferdigheiter for nybyrjarar. Alpinanlegget har skiutleige med både alpin -og toppturutstyr. Ved påstiging i T-trekket finn du den koselege varmestova med kiosk og toalett. Ta turen til Arena Overøye og opplev den magiske stemninga som rår.

Øvre Stordal har 450 hytter og leiligheter i sine idylliske omgjevnader. Per i dag er 70 byggeklare tomter ledig for salg. Fleire nye hyttefelt er under planlegging. Ta gjerne kontakt om du er interessert i fritidsbolig, Arena Overøye kan formidle kontakt.

Øvre Stordal www.ovrestordalvel.no er eit eldorado for dei som ønsker rekreasjonsmoglegheiter heile året. Her er fantastiske moglegheiter på Langsætrane med badeplassen Øyna og idyllisk vandring gjennom dei gamle sæterstølane Kvitlane og Pusken.

I Øvre Stordal finn du kilometervis med gang -og sykkelsti frå sætrane og ned mot Seljebotn. Undervegs kan ein stoppe og raste ved dei utallege takbenkane som velforeninga har sett opp.

Ønsker du turar i skog og mark, så er her flotte stiar mot Tresfjord, Innfjorden, Valldal og toppturar på alle fjella som omsluttar Øvre Stordal. På mange av desse stiane er der lagt til rette for flotte opplevingar med stier/råser som også velforeninga dei siste åra har kvista og lagt ut gangbruer på dei verste myrområda. Tur til Storvasshytta kan anbefalast (Stikk Ut post 2022), med moglegheit for overgangstur til Valldal og ned til Myklebust.

I Øvre Stordal finns det mange fiskemoglegheiter, med elvar og utallege vatn i nærleiken. Topptur til Auskjeret kan du gå direkte rett opp fra toppen av alpinanlegget. Dyrdalstind og Herda er også populære turmål både sommar og vinter.

På vinteren fins det knapt ein betre stad å vere på enn i alpinanlegget med sine flotte nedfarter www.arenaoveroye.no eller ein skitur for liten og stor i fleire kilometer med langrennsløyper der det vert køyrd opp nye spor fleire dager i veka av Fjellservice. Meir informasjon finn du på www.skisporet.no

Som tidlegare sagt, er Øvre Stordal eit eldorado for toppturar, med sine mange fjell og fjelltoppar. Svært populært er Auskjeret, Ørastolen, Dyrdalstinden, Herda og Ådalstinden for å nemne nokon.

Kvisting av stiar, merking av råser, utplassering av hjertestartarar, bygging av takbenkar og gangbruer og alt som er gjort på Øyna og området rundt er gjort på dugnad av medlemmene i Øvre Stordal Vel. Dette til stor glede for både bygdafolk og tilreisande som kan oppleve denne flotte dalen med alle fasilitetane som er tilrettelagt dei siste åra. Arena Overøye ønsker deg hjarteleg velkomen til fjells!

Karl Erik Tørlen (formann ØSV) og Vigdis Hove Øie (styreleiar Arena Overøye)