Diskgolf

Diskgolf Foto: Erlend Hjelme

Jemtegård diskgolfbane i Valldal er ein variert 18-hols bane med både opent område og skog, venstresvingar og høgresvingar, korte og lange.

Det er lett å finne fram, sjølv utan kart, då retninga til neste korg er markert med raude treskilt. I august 2018 fekk banen nokre nye hol og enkelte endringar her og der. Vi hadde då endeleg ein 18-hols bane med 18 individuelle korgar. Den passar for både nybegynnarar og erfarne. Dei fleste utkasta har kunstgras, men i variert lengde foreløpig. Banen har par 58 med ein gjennomsnittslengde på 78,4 m.

Banekart
Holkart
Skårkort

Kontakt Jemtegård Feriesenter, tlf. 907 11 135 for leige av frisbee. Elles er bana til fri bruk.