Gudbrandsjuvet

Gudbrandsjuvet er eit ca 5 meter breidt og mellom 20-25 meter djupt juv der elva Valldøla fossar gjennom i botnen. Gudbrandsjuvet ligg langs nasjonal turistveg Trollstigen-Geiranger der arkitekt Jensen & Skodvin arkitektkontor og Statens vegvesen har forsterka den flotte naturattraksjonen med å legge til rette gangbruer og eit servicebygg med kafe og toalett for at dei besøkjande skal få ei endå betre oppleving. Frå parkeringsplassen ved Gudbrandsjuvet er det ein kort rusletur bort til pilegrimsleia Valldalsleia med Olavskjelda, Olavshellaren og Skjervsura. Kafeen og toaletta er i drift i sommarsesongen, medan attraksjonen er tilgjengeleg heile året.

Historia bak namnet Gudbrandsjuvet er at det etter folketradisjonen er oppkalla etter Gudbrand som hoppa over juvet for å sleppe å bli tatt av lensmannen med følge som ville ha tak i han for å straffe han for eit lovbrot han skulle ha gjort. Ved å hoppe over juvet vert det sagt at han unngjekk dødsstraff. Ein annan variant av segna er at Gudbrand sprang over juvet med bruderovet sitt på 1500-talet.