Omvisning i Rosekyrkja i Stordal

Rosekyrkja i Stordal Foto: Ann Hasund

Gammal, særmerkt kyrkje i Stordal med flotte innvendige dekorasjonar.

 

Rosekyrkja i Stordal er frå 1789 og er eigd og drifta av Fortidsminneforeninga. Frå utsida ser ikkje Stordal gamle kyrkje så spesiell ut, bortsett frå at ho er ei fin, gamal og velhalden, åttekanta trekyrkje. Det er fyst når ein kjem inn, at ein ser kor særmerkt ho er. Veggene, søylene, taket, galleriet og preikestolen er heilt overdekte med akantusrankar og drueklasar, sirklar og roser i solgult og himmelblått. Dekorasjonane vart utførte i 1799 og den vanlege nemninga er "Rosekyrkja".

Kyrkja er open for omvisning i sommarsesongen. Bryllup og omvisning kan bestillast på forespørsel heile året. Les meir her.