Severinbrauta
På den freda husmannsplassen Severinbrauta finn du ein kulturhistorisk skatt som er eineståande i Norge.
Severinbrauta vart driven som sjølvbergingsbruk heilt til slutten av 1980-åra. Kvinnene tok vare på alt, så historia frå etableringa i 1870-åra og fram til i dag er dokumentert gjennom kvardagsutstyr og andre gjenstandar. Til materialet finst det tallause historier. Bygning og interiør, og særleg tekstilane, er kulturhistoriske skattar. Det er som om tida har stått stille.
Les meir på Riksantikvaren og Stiftinga Severinbrauta sine sider.