Klatring og moro for alle

I tillegg til ca 1500 meter med klatreløyper inkludert høgtsvevande 125 meter lange ziplines over elva, finst det ei rekke andre aktivitetar i parken.

Hoppepute, hoppeslott og bagjump med opptil 4 meter fritt fall, militær hinderløype, sandstrand med badekulp, leikeapparat med disser og sklie samt sandkasse for dei yngste ? det er nok å finne på.

Vedfyrte grillar er tilgjengeleg for alle gjestar, og det er lov å ta med eigen mat og drikke.

Les meir og bestill billettar på Valldal aktivitetspark sine sider.