Ytste Skotet
Ytste Skotet ligg på vestsida av Storfjorden på ei fjellhylle 225 meter over fjorden. Den er open for publikum i sommarhalvåret.
I det brattlendte fjordlandskapet på vestsida av Storfjorden finn vi Ytste Skotet. Fjellgarden ligg vakkert på ei hylle 225 m over fjorden, og har hatt busetting heilt sidan vikingtida. Den tradisjonelle driftsmåten med korn på innmark og beite og slått på utmark blei halden i hevd heilt fram til 1954, då dei siste brukarane flytta.
Storfjordens Venner er eigar av garden Ytste-Skotet, som var ei gåve frå dei tidlegare eigarane. Les meir på heimesida til Storfjordens Venner.