Artiklar > Ordførar i butikk
Ordførar i butikk
Foto: Storfjordnytt
Ordninga med «ordførar i butikk» har vorte svært godt mottatt, både av innbyggjarar og butikkdrivarar.
Mange har nytta sjansen til å helse på og sette seg ned saman med ordføraren og slå av ein prat om det dei har på hjartet der og då. Ordførar Terese Jemtegård Moen set stor pris på dette. Det er ein veldig fin måte å kome i kontakt med folk.
Det starta i februar med besøk på butikkane i Tafjord, Norddal og Eidsdal. I mars vart det utvida også med besøk på butikkane i Stordal og Valldal. Sidan det er to butikkar i Stordal og Valldal vert butikkane der besøkt annakvar månad.
Datoar for ordførar i butikk-besøk i april er no lagt ut i Kva skjer-kalenderen på heimesidene og på opplevfjord.no. Ordførar i butikk skal vere ein fast, uformell møteplass der det er lett for folk å slenge innom, slå av ein prat og kome med innspel.