Artiklar > Ordførar på bedriftsbesøk hos Norinsect AS.

Ordførar på bedriftsbesøk hos Norinsect AS.

Ordførar på bedriftsbesøk hos Norinsect AS.

Ordførarbesøk hos Norinsect AS i Stordal

Denne onsdagen, 24. januar var Ordførar Terese Jemtegard Moen på nytt bedriftsbesøk saman med Britt Skjong frå Fjordhagen AS, og i dag gjekk turen til  Norinsect AS.

Norinsect AS held til i Pedrobygget i Stordal, der lokala tidlegare vart nytta til møbelproduksjon. Bedrifta har i dag 14 tilsette, og produksjonen er i full sving. 

Norinsect AS har gjort seg bemerka med sin nyskapande larvefabrikk og er i ferd med å bli ein stor aktør innan bærekraftig larveproduksjon. Fleire produkt er i sal allereie, og bedrifta er i sterk vekst.

Under leiing av Harald Larsen Espeland, har Norinsect nyleg også vunne «KLIMASNUprisen», denne kjem frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, ein pris som vert delt ut årleg for å fremje klimatilpasning blant bedrifter.

 Det var ei glede for Ordførar Terese å gratulere heile teamet hos Norinsect, og ho overrakte ein blomsterbukett til Dagleg Leiar. 

 Foto: Britt Skjong

10 år med forskning

Eit heilt tiår med forskning og tilpassning har det tatt for å kome der dei er i dag, Det har vore krevjande men også  svært spennande å få i gang produksjonen av desse proteinrike larveprodukta, sei Harald, som fekk rolla som Dagleg Leiar i Norinsect AS i 2023.

Han fortel vidare at det er hovedsakleg mjøl og oljeprodukt frå Mjølbiller, som er hovedprodukta deira, og som i all hovudsak går til dyrefôr. Til dømes kan produkta nyttast i fiskeoppdrett, og som hønse- og grisefor. Marknaden er i stadig utvikling mot nye bruksområde og utvikling av stadig nye produkt skjer fortløpande. Produkta er og svært egna som fôr til kjæledyr på grunn av det høge proteininnhaldet. I fabrikken i stordal blir larvane omgjort til proteinrikt mjøl og olje som har blitt attraktive produkt hos kundane deira. 

Fleirtalet av oss i Noreg, er ikkje heilt der, enno, at vi vil ha innsekt til mat, men i følge Harald smakar larvane visstnok kjempegodt, skjære snacksen! Tør du smaka ? Sunne er dei og seiast det.

Foto: Norinsect AS 

Ein av dei tinga som gjer produksjonen hjå Norinsect AS særs bærekraftig, er bruken av restprodukt frå Grandiosa-produksjonen på Stranda, samt frå ølproduksjon i området.

Sidan Stordal ikkje er langt frå Stranda, vert restar som deig, pizzabotnar og tomatsaus levert på døra deira, og vert nytta som fôr til larvane. Dette skaper ein vinn-vinn situasjon for fleire partar, og bidreg til ein betydeleg reduksjon av matsvinn. 

For Harald og teamet hans er KLIMASNUprisen ei stor anerkjenning av deira arbeid, og ein kraftig motivasjonsboost for vidare utvikling av verksemda. Målet er ikkje berre å byrje å tene pengar allereie i år, men også å opne fleire fabrikkar på andre stadar. Likevel, hovudfokuset no er å auke produksjonen i Stordal.

Vi takkar for eit svært interessant besøk og verdifull informasjon frå Harald, og vi ønskjer han og teamet hans alt godt på vegen vidare.

Ordførar uttrykte òg sitt ønske om å sjå Norinsect AS vekse og sa at ho ser fram til å fylgje med på deira framgang i framtida.


Les meir på Nordinsect AS si heimeside.