Artiklar > Ordføraren på bedriftsbesøk hos Autofres AS i Stordal
Ordføraren på bedriftsbesøk hos Autofres AS i Stordal
Omvising i ny bedrift i Stordal
Ordførar Terese Jemtegård Moen nytta nyleg høvet til å besøke Autofres AS, ei nyskapande bedrift lokalisert i Stordal.
Med på omvisinga denne dagen var og Varaordførar Jens Einar Aklestad og Fjordhagen AS ved Dagleg Leiar Tor Erik Standal, frå Autofres stilte Dagleg Leiar Steffen Viddal og Kari Mette Ski, Styremedlem i Autofres AS.
Autofres, som har spesialisert seg på fresing av mjuke materialar som tre og plast med robotar, er også kjent for sitt patenterte byggesystem, Loxit, som tilbyr rask, effektiv og bærekraftig bygging av hus og hytter.
Då eg fekk høvet til å overta tidlegare Isolaft i Eidsvika, trengde vi større lokale, og desse fann eg her i Stordal, i Vadbygget der det tidlegare var møbelproduksjon.
Dette fortel Steffen Viddal medan han viser Ordførar Moen gjennom lokala til den nyoppstarta bedrifta Autofres AS. Bedrifta har tre eigarar: Viddal Core med ein eigardel på 51 prosent, Flakk Gruppen som eig 34 prosent, og Eiktrapp med 15 prosent eigardel.
Under besøket la ordførar Moen vekt på kor viktig slike innovative løysingar er for Fjord Kommune.
"Autofres AS er eit døme på bedrifter som ser framover, og som bidreg til økonomisk vekst og berekraftig utvikling i vårt samfunn," sa Moen. "Loxit-systemet deira viser korleis lokale verksemder kan vere spydspissar i innovasjon og skape nye arbeidsplassar."
'Dei besøkande fekk god informasjon om framtidplanane til bedrifta og ei omvisning i dei nye produksjonlokala.
Steffen Viddal fortalte om korleis robotane fresar alt frå store rør for oppdrettsnæringa til små delar til møbelindustrien.
Besøket vart avslutta med overrekking av blomar, og ordføraren ønskte bedrifta lukke til med satsinga.
Ordførar Moen vil saman med Fjordhagen besøke bedrifter jevnleg og har dykk lyst på besøk og visa fram bedrifta, så er det berre å ta kontakt med oss på Post@fjordhagen.com.
Foto: Britt Skjong