Artiklar > På besøk i Fjord - Hyttekos på Overøye
På besøk i Fjord - Hyttekos på Overøye

Det har blitt stadig meir populært med hytte i området, og vi har tatt turen for å snakke med ein familie om kvifor dei har valt å ha hytte nettopp her.
Familien Tomren kjem frå Valderøya og har hatt hytte på Overøye i om lag 15 år. Her trivst dei godt, og no er dei på vinterferie på hytta. -Vi sjekka ut ulike områder å ha hytte, men Stordal trakk det lengste strået, smiler Line Tomren.
Denne dagen får Opplev Fjord bli med på omvisning på hytta og bli med familien i trekket på Arena Overøye.
Sjå full video av familien Tomren her!